Kalenderen viser alt 5. september, valdagen nærmar seg, og vi er alle nøydde til å ta stilling til kva vi vil – eller ikkje vil – med byen vår dei næraste fire åra. Politikarane har gjerne hang til å nytte store ord i slike tider: Vi får høyre mangt om visjonar, draumar og ynske – og om kor bra alt skal verte om vi berre kastar den rette røystesetelen i valurna i år òg. Men når alt kjem til alt, so er det nok med politikken som med alt anna: Det er handling og ikkje ord som er teljande for liv og velferd. Slike sjølvfylgjer kan vere lette å gløyme mellom ballongar, roser og drops ved byens valbuer.
For trass i fine ord og glade T-trøyer: Det er grunn til å møte ordføraren sine vyer om Stavanger som miljøby med skepsis, jamvel om intensjonane hans nok er av dei beste. Og det er grunn til å stille spørsmål ved om politikarar som i ein mannsalder har basert samferdslepolitiske vurderingar på forsatt vekst i privatbilismen, og som framleis stør omfattande vegutbygging, er dei rette til å ta på seg rolla som byens miljøsamvett. Ein skal hugse at det politiske etablissementet i Stavanger i mest 40 år har vore tilgodesett med eit økonomisk handlingsrom som eitkvart kommunestyre måtte misunne det, og at det i minst 20 av desse åra har vore klårt at verda står overfor store miljøutfordringar. Likevel er byen som har tent seg rik på olje og hardt arbeid, framleis ein miljøsinke på mange område. Dette er eit politisk val som vi som innbyggjarar i Stavanger har teke gjennom kva politikarar vi har valt inn i kommunestyret – og er ikkje eit resultat av naudsyn eller pragmatikk.
Eit grelt døme på kor lemfeldig den politiske makta handterer miljøpolitikk, er prosjekteringa av Eiganestunellen. Dersom ikkje nye krefter maktar å gjere seg gjeldande i rådhuset etter valet, kjem kommunestyret til å vedta å byggje ein trafikkmaskin som vil redusere livskvaliteten til hundrevis av innbyggjarar. Støy og luftureining har nemleg dokumenterte skadeverknader på folkehelsa som korkje drops eller fengande slagord kan bøte på. Samstundes vil verdifulle friareal gå tapt. Det er soleis tale om ikkje berre eit åtak på makteslause einskiltindivid, men òg ei innskrenking av høvet alle stavangerfolk har til rekreasjon og naturopplevingar. Vi taler om inngrep i det kan hende viktigaste friområdet i kommunen – inngrep som skriv seg inn i eit mønster med gradvis, og unekteleg unødvendig, reduksjon i offentlege friluftsareal. Til dømes har vi i det siste kunna lese om stavangerfolk som må finne seg i bygging av støyande og sjenerande industri like utafor kjøkenvindauget – jamvel om det finst rikeleg med alternative utbyggingsområde. Det er fort gjort å bagatellisere slikt, kanskje serleg for dei som sit på makt og taburettar, men for einskiltindividet kan det vere skilnaden på eit godt og eit mindre godt liv.
Tilsvarande gjeld so ulike saksområde som kollektivtrafikk og bygningsvern. Her bidrar manglande initiativ frå det politiske etablissementet til å oppretthalde eit høgt ulykkestal i trafikken, eit unødvendig høgt luftureiningsnivå, eit samfunnsøkonomisk uklokt transportmønster og ein rundhanda praksis i kulturminnevernhandhevinga som medfører at vi som bur i Stavanger, gradvis vert frårøva høvet til å oppleve byens og vår eiga historie og utvikling.
At dette kan skje i ein by som ikkje berre kallar seg kultur- og miljøby, men som óg har resursar til å gjere noko med visjonane, er nedslåande. Serleg alvorleg vert det når vi veit at mange av avgjerslene som skal fattast i den neste mandatperioden, vil kunne medføre irreversible inngrep mot byens friområde, miljø og historiske bygningar. Dersom Stavanger skal halde fram med å vere miljøby berre i festtalar og partiprogram, kan vi risikere å misse verdifulle kvalitetar ved byen vår som vanskeleg kan gjenopprettast. For Bymiljølista er ikkje visjonar og fine ord verdt noko utan at dei får konkret innhald: Vi etterlyser handling, og vi står for handling. I programmet vårt finn ein soleis tiltak og ikkje slagord. Det er ikkje likegyldig for miljøet kva val Stavangers innbyggjarar gjer på måndag.
Godt val!
Geir Indrefjord Høllesli,
7. kandidat for Bymiljølista i Stavanger
0 Svar til “Eit vegval for «miljøbyen» Stavanger”