Korttenkt forsvar for kort tunnel

LESARBREV: Aftenbladet har det travelt og tek i ein leiarteig (31. mai) til orde for å følgje Vegvesenet si tilråding om å la Eiganestunnelen munne ut ved Byhaugen. Ifølgje avisa vil ei slik løysing, trass negative miljøkonsekvensar, bli mindre «belastende» enn ei utsetjing av prosjektet.

Til grunn for vurderinga ligg frykt for kapasitetsproblem på E39. Merkeleg er det då at ein samstundes argumenter med at betre «kollektivløsninger» vil minske «trafikkbelastningen» meir enn ein forlenga tunnel. Tanken synest altså å vere at trafikken i framtida vil bli så mykje større at ein ikkje kan vente med å byggje Eiganestunnelen, men samstundes så mykje mindre at det for bebuarane ikkje vil vere noko problem at han går i dagen. Ein slik logikk er det ikkje vidare lett å bli klok på.

At Aftenbladet skyt seg sjølv i foten, blir endå tydelegare om vi går litt tilbake i tid. Eit hovudalternativ frå konsekvensutgreiinga i 2001 var nemleg å utvide busstilbodet i staden for å byggje tunnel. Sjølv om dette framlegget no diverre er lagt daudt, burde det ikkje by på særlege problem å auke kollektivdelen tilstrekkeleg til at ein kan tole at tunnelen dryger endå nokre år. Ein slik politikk vil òg komme bymiljøet til gode etter at Eiganestunnelen er ferdigstilt, då han permanent kan få opp bussbruken.

Når ein med såpass enkle grep kan unngå den frykta «vegkrisa», verkar det unaudsynt korttenkt å haste av garde. Ein kort Eiganestunnel vil for all framtid lage eit stygt sår i eitt av dei viktigaste friområda i kommunen, medan det lange alternativet vil vere vesentleg mindre inngripande både for naboar, turgjengarar og dyrelivet ved Stokkavatnet. Billigløysinga Aftenbladet og bystyrefleirtalet føreskriv, er såleis ein usedvanleg dårleg medisin med særs uheldige biverknader. Bymiljølista er i alle fall ikkje i tvil om at ei forbigåande forkjøling er langt å føretrekkje framfor ein støyande amputasjon av byens kanskje flottaste grøne lunge.

Mats Indrefjord Høllesli,
1. kandidat for Bymiljølista i Stavanger

0 Svar til “Korttenkt forsvar for kort tunnel”



  1. No Comments Yet

Skriv et svar




Bymiljølista vil noe med Stavanger

Altfor lenge har byutviklingen i Stavanger gått på tomgang. I en tid der klimaendringene for alvor er i ferd med å gjøre seg gjeldende, og der massiv tilflytting og tilhørende trafikkøkning truer byens grøntområder, jorder og trehusbebyggelse, kommer den vekstbaserte politikken til kort. Bymiljølista innser at vi ikke lenger kan bygge oss ut av problemene. Når dagens bystyrepartier velger å rive trehus for å anlegge parkeringsplasser, setter de byens identitet på spill. Om Stavanger skal være en rein og trivelig kystby der hvite trehus og grønne lunger, ikke grå murkomplekser og støyende bilveier, dominerer, må det derfor tenkes nytt. Ved å satse på alternativ transport og bærekraftig byutvikling vil Bymiljølista gjøre Stavanger til den ledende miljø- og kulturvernskommunen i Norge.

Nei til motorvei gjennom Tasta

Bymiljølista vil verne om friområdet ved Stokkavatnet og bomiljøet på Smiene. Les mer her.

Bymiljølistas filmer

Klikk på ikonene nedenfor for å se Bymiljølistas informasjonsvideoer.
Watch videos at Vodpod.